Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Maria Parr: Oskar og eg

Alle plassane vi er

Ny bok av Maria Parr – heldige alle som veks opp med slike forteljingar!  

Gjennom elleve kapittel følgjer vi Oskar, som er fem år, og storesøstera Ida, som er åtte. Kvart kapittel er ei forteljing i seg sjølv, med illustrasjonar i fargar på nesten alle oppslaga. Boka startar og sluttar med forteljingar om Oskar og Ida heime i det store raude huset som er litt skranglete, men som det lyser gult og koseleg frå om kvelden. Dette er ein trygg og god base å utforske verda frå, enten det er elvesafari eller å gå åleine til butikken. Somme forteljingar startar med noko kjent, for så å by på uortodokse løysingar. Til dømes forteljinga om kva som finst i skapet når Ida ligg i senga og ikkje får sove, og ho brukar Kartboka som forsvarsvåpen. Å ta hand om ein skadeskoten hjort på veg heim frå skulen er også mellom dei meir sjeldne barneboktemaa, men Maria Parr går ikkje av vegen for kvardagsrealisme av den sorten. I tillegg byr Oskar og eg mellom anna på forteljingar med snert om halloween, aking og lengt etter ein eigen trampoline, og mykje meir. Forteljingane manøvrerer mellom det kjende og det nye, på same måte som det å vere barn og vekse opp handlar om å vekse og meistre nye ting, og likevel vere liten innimellom.  

Dei fleste forteljingane skildrar artige hendingar og påfunn, ispedd gode kommentarar i reine Lena Lid-stil, til dømes kraftsalven «I alle rabiate kråkers julebord». Det er likevel ikkje høg energi og skrålelatter som pregar boka: alle sider i livet er med, også det triste. Når onkel Øyvind blir sjuk og døyr, og onkel Bulle må klare seg vidare åleine, gir boka trøyst og verktøy til å handtere livet. Med det tek ho barnet på alvor også. Å dele livsvisdom og også kunne fortelje historier om gul snø, spysykje og det å krangle om dei skorpefrie pizzastykka, er det ikkje alle forfattarar som meistrar på like truverdig vis som Maria Parr gjer. Det er ikkje utan grunn at forlaget i baksideteksten titulerer henne som norsk barnelitteratur si superstjerne. 

I tillegg til den stødige forteljarstemma, er Åshild Irgens sine gode og vakre illustrasjonar med på å føre lesaren inn dette nye Parr-universet. Oskar og eg passar for alle, men kanskje aller best for barn mellom 5 og 11 år. Dei yngste i målgruppa treng nok ein vaksen høgtlesar, men både yngre og eldre barn og vaksne vil ha stor glede av forteljingane.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

Elen Betanzo: Kjenner du Becker?
9–12
Eirin Holberg og Åshild Irgens: Steinalderen
9–12
Martine Grande: Ringen
6–9
Ørjan Zazzera Johansen: Erling Braut Haaland frå liten til størst
9–12