Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ruth Lillegraven og Jens Kristensen: Klodeklubben Superheltmaska

Superheltmaska er den femte boka i serien om Klodeklubben, eit detektivbyrå med miljøsaker som spesialitet. Vanja, Sivert og Mo har sommarferie. Plutseleg dukkar det opp helikopter i lufta og ein stor luksusbåt på fjorden. Hollywood-stjerna Alexandra Liu kjem til bygda for å lage ein ny superheltfilm om Queen Shadow.

Vanja, Sivert og Mo ser fram til filminnspelinga, men det viser seg at innspelinga også fører med seg trafikk, støy og søppel. I tillegg kan fuglane i Fugledalen bli redde.

Midt opp i det heile så forsvinn superheltmaska til Queen Shadow. Filmregissøren trur at det er barna i Klodeklubben som har teke maska. Vanja, Sivert og Mo må finne ut kven som eigentleg står bak tjuveriet.

Jens Kristensen har illustrert alle bøkene i Klodeklubben-serien. Illustrasjonane i bøkene er svært gode. Teksten og illustrasjonane skaper ei spennande historie som gjer at barn får lyst til å lese heile boka om Superheltmaska, og kanskje alle bøkene i serien?

Superheltmaska er lettlesen og inneheld også ein miljøfaktadel med Ole Mathismoen. Vi trur dette er ei bok, som på lik linje med dei andre bøkene i Klodeklubben-serien, vil fengje både gutar og jenter i målgruppa 6–9 år.

Fleire boktips

6–9
krim
9–12
9–12