Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ane Barmen og Skinkeape: Tone!

Ane Barmen: Tone!Tone er fem år og elskar å vere saman med storebror Daniel. Dei to søskena har det så kjekt saman, heilt til Daniel får besøk av veninna Ingeborg. Då får ikkje Tone vere med lenger. Daniel og Ingeborg vil øve på kornettane sine utan å bli forstyrra av Tone. Daniel seier at Tone er for lita til å bli med på korpsøving. Tone synest det er urettferdig. Neste gong det er korpsøving, får Tone vere med likevel fordi foreldra skal i møte. Ho lovar Daniel å sitje i ro bakarst på øvinga, men det er ikkje så lett når der er mange instrument som er freistande å prøve.

Ane Barmen har skrive ei humoristisk forteljing om søsken og musikk. Først opplever Tone at musikken er ekskluderande fordi ho ikkje får vere med og spele instrument. Til slutt opplever Tone at musikken er inkluderande når ho får vere med i barnekoret.

Illustratør Skinkeape (Marianne Gretteberg Engedal) får svært godt fram dei ulike kjenslene til Tone gjennom ansiktsuttrykk og kroppsspråk. Denne boka eignar seg godt til høgtlesing på storbarnsavdelingar i barnehagen og for dei yngste på barneskulen.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

Hilde Myklebust og Bård Sletvold Torkildsen: Grisungen med den rette halen
3–6
Mona Vetrhus og Sebastian Meschenmoser: Nattklubben
3–6
Inger Lise Belsvik: Oske
3–6
Eirin Holberg og Åshild Irgens: Steinalderen
9–12