Anna R. Folkestad: Litt for snill

Anna R. Folkestad: Litt for snillDovendyret Dagfinn er berre snill og god. Han vil vere med i konkurransen om å få opptre på sirkuset, men Sjur, Gerd og Britt gjer alt dei kan for å hindre han. Først prøver dei å psyke han ut, og då dei ser kor god han er til å sjonglere, lurer dei frå han sjongleringsballane. Og så seier dei nei når han vil låne dei tilbake.

Anna R. Folkestad har skrive og teikna boka. Ho har ein tydeleg strek som er lett å tolke for dei yngste lesarane. Me ser lett kva tid Dagfinn er glad, lei seg, ivrig og nervøs.

Dagfinn er så snill at han framstår naiv og tillitsfull til det sjølvutslettande. Han minner ein heil del om sauen Ulla, som Folkestad introduserte oss for i 2019.

Dagfinn er eit dovendyr, Sjur er ein sjiraff, Gerd er ein gris og Britt er ein koala. Anna R. Folkestad bruker ofte dyr i forteljingane sine. Det kan vere lettare for barnet å ta avstand til uønskte og slemme handlingar når dei er utførte av eit dyr.

Dette er ei fargerik og tydeleg bok som kan setje i gang gode samtalar med lesarar frå 3 år og gjerne eit par år opp i skulealder.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

Hilde Myklebust og Bård Sletvold Torkildsen: Grisungen med den rette halen
3–6
Mona Vetrhus og Sebastian Meschenmoser: Nattklubben
3–6
Ane Barmen: Tone!
3–6
Inger Lise Belsvik: Oske
3–6