Anne Grete Listrøm: Bøkene om Sverre

SverreSverres veslesyster skal døypast (2008)
Sverre i gravferd (2009)
Sverre i bryllaup (2010)
Sverre i konfirmasjon (2011)

Illustrerte av Malgorzata Piotrowska

Bøkene om Sverre handlar om store hendingar i livet, frå fødsel til død, og dei kyrkjelege seremoniane knytte til hendingane. Vi får følgje Sverre og familien hans i førebuingane heime, det som skjer i kyrkja og etterpå, sett frå ståstaden til Sverre. Han får delta i det som skjer, på barns vis. Bøkene er undervisande, men inviterer også til undring og til samtale kring store hendingar i livet, som barn ofte opplever i løpet av dei første 5–10 leveåra.

Illustrasjonane er både realistiske og naivistiske, med eit draumeaktig preg. Englar og den åndelege dimensjonen vert på den måten ein del av skildringane.

IKO-forlaget har ei rekkje nynorske barnebøker om tru, undring og forteljingar frå Bibelen.

Kategoriar

Fleire boktips

Anna R. Folkestad: Litt for snill
3–6
Berenika Kołomycka: På fire bein. Trøbbel
6–9
Vegard Markhus: Alien i klassen2
6–9
Marthe Holien Bøe: Ni løgner og jakta på eit smil
6–9