Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Annette Huber: Liten-på-jord-Tor

Illustrasjon: Manuela Olten
Omsett av Brit Aksnes og Simone Stibbe
Utgitt av Skald Forlag 2009

Boka Liten-på-jord-Tor er ei bok som møter barns undring over det å vere liten – og å bli større. Vi møter Tor som nettopp har funne ut at han er nesten ein meter høg, og han deler tankane sine om det å vere liten kontra det å vere stor.

Dette er ei biletbok som er omsett frå tysk til nynorsk. Ho har fantasifulle og artige bilete og ein undrande tekst som uttrykkjer tankane til Tor. Vi kan seie at både teksten og bileta har eit barneperspektiv på verda. I bileta kjem dette mellom anna til uttrykk ved at vi ikkje får sjå andletet til mora til Tor eller andre vaksne. Boka har ikkje ein tradisjonell forteljestruktur, men vi får sjå mange ulike situasjonar som er knytte til det å vere liten i ei verd med mange vaksne.

Boka opnar med at mora til Tor har målt han og funne ut at han er 99 centimeter høg. Tor synest at 99 centimeter er ganske høgt, men det er for eksempel 76 centimeter lågare enn mora hans, fortel han. Ho klarer mykje som er utanfor Tor si rekkevidd, mellom anna når ho lett opp til kjeksboksen, men Tor ser òg klare fortrinn med å vere under ein meter. Han kan ha hytte i skapet, badekaret er stort som eit hav, og han kan snike seg rundt og gøyme seg, til dømes under bordet.

Mor til Tor seier at han må vekse ei stund før han blir stor. Det skjønar Tor, men han lurer veldig på kor stor han eigentleg kjem til å bli. Kva er stor? Han tenkjer at han gjerne vil bli «større enn ein hund, men mindre enn ein elefant. Stor nok til å rekke opp til kjeksboksen. Stor nok til å reise over havet på skikkeleg. Men forhåpentlegvis ikkje så stor at det ikkje er plass til kosedyra i senga mi.» Vi ser altså at boka viser oss vaksne at omgrep som «stor», «vaksen» og «å vekse» ikkje er så enkle for barn å forstå. Det tek tid å få ei djup og nyansert forståing av kva desse omgrepa tyder, og denne boka møter barnet si undring og forsøk på å gripe meininga i desse orda.

Boka eignar seg veldig godt for høgtlesing, gjerne i mindre grupper, slik at alle barna får oppleve tekst og bilete samstundes. Det er ei bok som legg opp til undring, og ein bør vere open for at barna ein les for kan kome med innspel både undervegs og etter lesinga.

Kategoriar

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6