Opplegg til boka:
Nynorsksenteret.no:
Undervisningsopplegg til Huldra Hildur
Forteljinga om huldra Hildur vert formidla gjennom bok, lydbok og barneplate av musikaren og forfattaren Aslak Brimi, illustratøren Agnetha Berg, songaren Mari Midtli, Mads Erik Odde på trekkspel, Pål Svindland på bass, fløyte og saksofon, og Espen Wensaas på cittern, gitar og fløyte, og songgruppa Fjelltite. Lydboka er lesen inn av Even Lusæter. Inspirasjonen er henta frå seter og fjelliv i Gudbrandsdalen, og kan ha nedslagsfelt både lokalt, nasjonalt og fleirkulturelt. Aktørane er trygge og engasjerte i formidlinga.
Vi møter Kari og pappaen hennar som lever eit moderne liv i byen. Denne sommaren reiser dei for å besøke og hjelpe bestefar på setra. Her skal dei få vere med og stelle dyra og mjølke kyrne. Bestefar er god og kunnskapsrik, katten Ilva er snill og verkar å forstå mykje meir enn menneska trur. Ein dag møter Kari ei jente som heiter Hildur. Hildur er litt annleis på eit vis. Det er inga hindring for å bli gode venner og ha ein eventyrleg, musisk og litt magisk sommar saman, tett på den rike naturen og kulturarven.
Temaet i prosjektet er forankra i verdigrunnlaget i opplæringa. Ein underliggande intensjon er å formidle seter- og hyljarkultur.