Opplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Barnas store eventyrbok – tverrfagleg opplegg for 5.–7., med vekt på norskfaget.
Endeleg er ho her, eventyrboka på nynorsk. Maria Parr har omsett Barnas store eventyrbok til nynorsk. I denne boka finn du dei kjende eventyra: Bukkane Bruse, Raudhette, Fyrtøyet, Pannekaka, Bymusikantane frå Bremen, Mannen som skulle stelle heime, Den stygge andungen og Tornerose.
Boka er illustrert med dei kjende illustrasjonane til Svend Otto S, og det er store fine illustrasjonar som eignar seg godt både når ein skal lese med barnet på fanget og når ein skal lese for ei gruppe barn.
Maria Parr har omsett boka og understrekar at det var viktig at språket var nær det munnlege språket. – Eventyr skal ligge godt i munnen, for det er der dei høyrer heime, seier Maria Parr.
Utdrag frå boka: