Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Berenika Kołomycka: På fire bein. Den vegen.

Omsett av Knut Inge Andersen

Den vegen er fjerde del av den vakre teikneserien På fire bein av Berenika Kołomycka. Vesle Rev og Villsvinet er framleis ute på eventyr. Her snakkar dyra vi møter, om sine eigne ønske og korleis dei finn mot til å setje draumane sine ut i livet. Reven, Villsvinet og Selen fortel kvar si historie om det å ha følgt kjenslene sine og ha valt sin eigen veg.

Kapitla heiter Kvar ifrå, Kvar skal vi?, Kvar?, og Den vegen?. Først snakkar Vesle Rev om Steppeulv-naboen, som han såg slik opp til. Steppeulv-naboen verkar sjølvstendig og sterk, fri og frank. Men er der rom for å dele vennskap, tid og rom? Steppeulven ville ikkje ha nokon rundt seg. Det kan vere vanskeleg å forstå. Vesle Rev seier (…) «ein må få vere aleine om ein vil det». Villsvinet seier seg einig …

Store Villsvin minnest livet i griseflokken, der dei alltid gjorde alt i lag. Men var der retning? Såg og brydde ein seg om kvarandre? Store Villsvin valde å bryte ut og gå sin eigen veg. Det kan gi både sjølvstende og einsemd. I Vesle Rev i dalen finn Store Villsvin varme og tilhøyrsle.

Selen si historie er møtet med ein langust som var redd for å kaste skalet sitt i frykt for å bli eten utan dette vernet rundt seg. Men kva når ein veks og utviklar seg, og skalet vert for trongt? Selen gir Langusten mot til å avgjere sjølv kva han vil gjere og ikkje gjere, kva han kjenner og tenkjer. Og på å ta sjansen på livet.

Den vegen handlar om at alle er ulike, at alle slit med dei indre svakheitene sine, og at alle er frie til å velje. Serien har mange lag og kjem inn under kategorien allalderlitteratur.

Teksten er i form av korte, lettlesne bobler. Boka er dermed fin for unge lesarar som har lært seg å lese sjølve. Replikkvekslingane er eit godt døme på at ein ikkje alltid treng å seie så mykje for å få sagt mykje. Teikneserien nyttar fantasirike akvarellar for å fortelje ei nær og skjønn historie om å utforske livet. Vi kjenner inntrykka som naturen gir, og vi får bruke sansane. Grunnstemninga i historia kan gi assosiasjonar til Janosch og forteljingane om den vesle tigeren og den vesle bjørnen, eller Den vesle prinsen, jamvel om forteljemåten eller teiknestilen er annleis. Det er lett å fylgje historia og få ei god leseoppleving. Teikneserien kan nyttast i god nynorskopplæring, og til dømes innanfor estetiske læreprosessar og filosofiske samtalar. Den bygger opp om eksistensiell helse på ein enkel og naturleg måte.

Tru om Vesle Rev og Villsvinet kjem heim i denne boka?

Kategoriar

Fleire boktips

Lars Erik Helgemo og Markus Pedersen: Udugelege heltar volum 3: Endelaus
teikneseriar
Martine Grande: Ringen
6–9
Berenika: På fire bein. Bang!
6–9
Kristoffer Gaarder Dannevig og Trude Tjensvold: Alle kosedyra har namn unntatt esel
3–6