Omsett av Katarzyna Tykocka og Knut Inge Andersen
Vesle Rev bur for seg sjølv under eit epletre. Der har han det fint. Men ein dag dukkar det opp eit villsvin. Fyrst liker ikkje Vesle Rev å måtta dela kvardagen med Store Villsvin, men litt etter litt veks det fram ein veldig fin venskap mellom dei to.
Denne teikneserien nyttar akvarellar for å fortelja ei lågmælt og koseleg historie om det å vera vener og utforska verda i lag. Grunnstemninga i historia kan på mange måtar gje assosiasjonar til Janosch og forteljingane om den vesle tigeren og den vesle bjørnen, jamvel om forteljemåten og teiknestilen er annleis.
Teksten er i form av korte, lettlesne bobler, og boka er dermed fin for unge lesarar som har lært seg å lesa sjølve. Replikkvekslingane mellom Vesle Rev og Store Villsvin er eit godt døme på at ein treng ikkje alltid seia so mykje for å få sagt mykje.
– Kvar var du?
– Bortover der.
– Eg sakna deg.
– Same her.
Dersom alt går etter planen, skal bok to i denne serien koma til vinteren, medan den tredje boka om Vesle Rev og Store Villsvin kjem til neste år ein gong.