Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Berenika Kołomycka: På fire bein. Lengst vekke

Berenika: På fire bein. Lengst vekkeI denne vakre teikneserien får vi fylgje Store Villsvin og Vesle Rev vidare i historia deira. Denne gongen legg dei ut på eventyr, gjennom skummel skodde, plaskande regn og varmande solskin. Dei to venene reiser gjennom ukjende og framande landskap, og her møter dei ulike utfordringar som det er lett å kjenne seg igjen i. Vesle Rev vert mellom anna overvelda og fascinert av dei mange glødande og glitrande eldflugene som lyser opp nattehimmelen. Han vil gjerne ha ei av dei som si eiga! Men når han endeleg får fanga ein liten skapnad inni eit sniglehus, sloknar lysa rundt han. Store Villsvin gir eit hint om at Vesle Rev har øydelagt noko vedunderleg ved å skulle eige det, og går sin veg. Vesle Rev må tenkje og reflektere. Etter eit bel kjem han på kva han skal gjere, og slik kjem Vesle Rev og Store Villsvin saman igjen, i eit styrkt forhold. I denne teikneserien er det fleire slike historier som handlar om natur, utforsking, venskap og korleis takle livet. Her kan vi alle saman lære noko!

Teikneserien er delt i tre kapittel, etter korleis reisa utviklar seg. Først kjem kapittelet Langt vekke, deretter Lengre vekke, og til slutt er Vesle Rev og Store Villsvin komne til havet, som er Lengst vekke. Dei kjem ikkje heim i denne boka, men dei byrjar å tenkje på kor fint det var å vere heime, så kan hende reiser dei heim i neste bok. Illustrasjonane er fantasirike akvarellar, noko som gir teikneserien eit drøymande og fargerikt preg. Vi kjenner inntrykka som naturen gir, og vi får bruke sansane, som til dømes høyrsle og lukt, saman med Vesle Rev og Store Villsvin.

Boka er omsett frå polsk av Knut Inge Andersen. Tekstane i teikneserien er korte, men også innhaldsrike. Dei korte bobletekstane er lette å lese for unge born, men dei ber også med seg fleire lag av kjensler og meining. På denne måten inviterer teksten lesaren til å lese mellom linjene og å tenkje seg til kva som kan skje vidare. Det faste mønsteret i dei tre kapitla, der ein idyll i byrjinga vert broten, og deretter retta opp att, hjelper også lesaren med å fylgje historia og å få ei god leseoppleving.

Kategoriar

Fleire boktips

3–6
6–9
Frost
3–6
3–6