Soloppgang tek føre seg kjenslene som følger med det å leve og det å døy. Vesle Rev og Store Villsvin møter ei døgnflugenymfe ute på myra. Nymfa gler seg til den store dagen sin. Når tida er inne, blir ho til ei døgnfluge. Døgnflugenymfa drøymer om alt det vakre, store og gode som då vil skje. Ho er tolmodig, ventar og ventar. Reven blir begeistra og vil gjerne slå følgje. Vesle Rev og Store Villsvin fortel også om sitt eventyr gjennom myra, og eit vennskap oppstår mellom dei tre.
Så er den store dagen her. Den finaste dagen i døgnfluga sitt liv. Døgnflugenymfa flyg vekk. Ho vil nytte kvar einaste moglegheit og kvar einaste augneblink når dagen er her. Men Reven står att, sur og sint. Store Villsvin og Vesle Rev grip likevel dagen og moglegheitene der dei er, til leiting, snusing, plukking og graving.
På slutten av dagen kjem døgnfluga tilbake. Ho er så takksam over å ha sett verda. «Verda er uendeleg vakker», seier ho og døyr. Dette gir rom for mange slags kjensler. Det triste, skuld, sorg og lengsel kjem over Vesle Rev. Gjennom hovudet fer det tankar han aldri har tenkt før. Gjennom hjartet fer det kjensler han aldri har kjent før. Heldigvis har han Store Villsvin, som hjelper han med å forstå det som skjer. Og enno ein gong viser det seg kor viktig det er å ha ein verkeleg venn!
«Liva våre er som desse blada i elva. Eitt blad driv seint av garde, eit anna søkk fort til botnen. Vi går vidare.»
«Vi har henne i hjarta våre. Og i tankane våre.»
«No er det kaldt og mørkt. Vi får ta tida til hjelp.»
«Eg må ta med meg nokre minneblomar … fordi eg vil hugse.»
Denne teikneserien nyttar akvarellar for å fortelje ei nær og skjønn historie om å utforske livet og døden saman. Både det kalde og mørke, og det varme og lyse. Grunnstemninga i historia kan på mange måtar gi assosiasjonar til Janosch og forteljingane om den vesle tigeren og den vesle bjørnen, jamvel om forteljemåten og teiknestilen er annleis.
Teksten er i form av korte, lettlesne bobler. Boka er dermed fin for unge lesarar som har lært seg å lese sjølve. Replikkvekslingane mellom Vesle Rev og Store Villsvin er eit godt døme på at ein treng ikkje alltid seie så mykje for å få sagt mykje.
Dette er tredje del av teikneserien «På fire bein» av Berenika Kołomycka. Det er venta ein fjerde del i serien seinhausten 2023.