Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Bjørn T. Bøe: Det er ein elefant i barnehagen

Det_er_ein_elefant_i_barnehagenOpplegg til boka:
Ei lesestund med dei eldste i barnehagen. Den vaksne si rolle.

Det er ein elefant i barnehagen er ei humoristisk og spanande bok om jakta på elefanten i barnehagen. Maren høyrer ein rar lyd. Det er ikkje ein vanleg barnehagelyd. Kan det vera ein … elefant? Dei vaksne seier at det ikkje finst elefantar i barnehagen, men kva kan lyden elles vera? Maren er sikker – det må vera ein elefant i barnehagen. Og den elefanten skal ho finna.

Bjørn T. Bøe arbeider som barnehagepedagog, og det er tydeleg at han kjenner miljøet han skriv om. Han skriv om barnehagekvardagen på eit vis som gjev stor attkjenningseffekt i lesargruppa. Det at borna kan finna den gøymde elefanten i illustrasjonane – ein elefant personane i boka aldri finn – er dessutan eit spanande val som opnar for fine samtalar og aktivitetar i lesestunda. Er det til dømes eit elefantauge som kikar ut frå ventilasjonssystemet?

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
9–12