Biletboka Kva tenker du på? handlar om ei jente som prøver å forstå kva som skjer med pappa. Han gjekk frå å tulle og tøyse til å vere stille. Mamma forklarar at pappa har mykje å tenke på. Men stilla varer så lenge at jenta nesten gløymer korleis stemma hans høyrest ut. Regnet kjem, og alt kjennest så tungt.
«Og eg tenker: Kanskje regnar det alltid litt inni han».
Det blir vanskeleg å snakke, gjere skulearbeid og spele fotball. Den empatiske og reflekterande jenta speglar pappa i sine eigne kjensler. Kva skal til for at han skal snakke og smile igjen?
I kjend stil er tematikken i biletboka til Brynjulf Jung Tjønn adopsjon, identitet, utanforskap og tilhøyrsle. Forfattaren skriv om ein familie i ein krevjande situasjon og skildrar korleis dei handterer livet, på ein gripande og rørande måte. Ei vakker, vond og håpefull forteljing om å vekse opp med foreldre som ber med seg eigne opplevingar. Boka inneheld fine illustrasjonar av Marianne Gretteberg Engedal (Skinkeape) og eignar seg godt til høgtlesing og samtale for målgruppa.