Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Brynjulf Jung Tjønn & Sunniva Sunde Krogseth: Gard er ikkje redd

Gard vil vera med pappa på fjellet for å leite etter den siste sauen og lammet. Han er redd reven skal ta dei, nå som hausten er komen. Mamma har invitert nokre vener som nett har adoptert ei jente frå same land som Gard kjem frå, og ho vil at dei to skal leike i lag. Gard er stor gut, og han vil ikkje leike med ei lita jente. Utan at mamma ser det, dreg han til fjells heilt åleine. Skogen er skummel, men Gard er ikkje redd.  

“Stien er bratt, brattare enn han hugsar. 

Det er vanskeleg å halde balansen. 

Gard sakkar farten og ser seg rundt. 

Kva var den raslelyden? 

Høyrte han ikkje nokre skritt bak seg?” 

Gard er ikkje redd er ei fin barnebok om mot og dyrehald. Sunniva Sunde Krogseth sine vakre illustrasjonar er detaljrike, visuelt tydlege og viser god kjennskap til gardsdrift og dyrehald. Dei formidlar og supplerer teksten særdeles godt, og gjer boka spanande for barn å bla i, også for dei som ikkje kan å lesa enno. Formatet og utforminga til denne boka gjer at ho eignar seg spesielt godt til høgtlesing, også i større grupper. Setningane er korte og enkle, og det vil vera lett å vise fram bileta samstundes som ein les. Gard er ikkje redd er ei bok som innbyr til samtalar om beitedyr og rovdyr, inkludering og natur.

Kategoriar

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6