Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Disney / Det Norske Teatret: Frost

FrostVil du vere med og lese nynorsk? Endeleg finst Anna og Elsa og universet frå Disney-suksessen Frost også på nynorsk. I 2023 er det ti år sidan første gong Frost feia over oss som ein isblå og samstundes hjartevarm vind. Historia startar når prinsessesøstrene Anna og Elsa framleis er små og lukkelege. I ungdomsåra må dei vere frå kvarandre på grunn av dei magiske og farlege evnene til Elsa. Historia endar i vaksenlivet, der Elsa etter isolasjon i isslottet sitt endeleg får brukt kreftene til noko bra heime i Arendelle. Ulikt tidlegare Disney-filmar er det ikkje ein mann som må redde prinsessene. Det er dei to som må redde kvarandre.

Frost vart ein av dei mest sette Disney-filmane nokosinne, og i åra etterpå har dei selt kjolar, smykke og anna merkevare for enorme summar. Dei har også selt mange bøker, men i Noreg berre på bokmål. Først no finst dei i ein nynorsk versjon. Illustrasjonane er i kjent stil, laga av Disney Storybook Artists. Det er berre teksten som er ny, og den nye teksten kler det nordiskinspirerte eventyret godt. Boka gjenfortel historia frå filmen passe detaljert, men utan å miste dei store linjene.

Boka er omsett til nynorsk av Erlend Tårnesvik Dreiås, som er tilsett ved Det Norske Teatret. Hausten 2023 gjorde teateret stor suksess med ein nylaga sceneversjon av Frost. Då sytte dei også for å få gi ut historia om Anna og Elsa som bok i nynorsk utgåve.

Boka er ganske eksklusiv, og kan kjøpast her:
Aasentunet i Ørsta eller på nettbutikken handlenett.no

Noregs Mållag sin nettbutikk nm.no/krambua/

Det Norske Teatret i Oslo eller bestill ved å sende ein e-post til: butikk@detnorsketeatret.no

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
3–6
3–6
6–9