Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Akin Düzakin: Kom til Lukas

Kom_til_LukasEi fin og kjærkomen biletbok for dei yngste: Lukas har fødselsdag, og gjestene kjem til han, ein etter ein. Det Lukas er mest interessert i, er korleis dei kom til selskapet hans. Onkel Per køyrde med den raude sportsbilen sin, farmor kom med toget, tante Ellen med fly, fetter Fabian & co kom i minibuss med hengar, og så vidare. Vi får sjå alt saman i klare, fargesterke bilete. Til slutt er alle elleve gjestene komne, og den store festen kan ta til. Det blir den beste bursdagen Lukas har hatt! Og boka om den vil barn i «regle-alderen» berre elske.

Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket:
Kom til Lukas

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6