Elin Eika Bringa og Ella Okstad: Else og forvandlinga

Else og forvandlingaElse og forvandlinga er skriven av Elin Eika Bringa og illustrert av Ella Okstad. Biletboka kombinerer rim, fantasi og kvardagsopplevingar i eit uttrykk som både kan vere leikent og tankevekkjande. Vi blir kjende med ei jente, Else, som opplever sterke kjensler og tankar. Dette kjem til uttrykk gjennom ei fantasifull forvandling.

Forvandlinga kan tolkast på fleire måtar. Ho kan forståast konkret, som ei fantasifull forvandling der kroppen hennar endrar seg, til dømes at føtene til Else blir til digre elefantar. Samstundes kan forvandlinga lesast symbolsk – som eit bilete på sterke kjensler som blir vanskelege å handtere. Slik får boka eit dobbelt lag. For barn kan ho vere ei forteljing om noko leikent og spennande. For vaksne kan ho opne for djupare refleksjon kring barns indre liv.  

Teksten er skriven på rim, noko som gir boka ein rytmisk og poetisk kvalitet. Nokre av formuleringane krev at lesaren stoppar opp og tolkar, og det kan gjere at boka eignar seg best når ein vaksen les saman med barnet. Boka opnar samstundes for samtale, og ho kan fungere som ei inngangsdør til refleksjon kring kjensler og opplevingar.  

Illustrasjonane spelar ei viktig rolle i å formidle stemning og kjensler. Dei visualiserer det som skjer inni Else, og gjer det abstrakte meir konkret. Gjennom fargar, former og uttrykk gir bileta lesaren tilgang til det indre livet til Else. Boka passar for barn i aldersgruppa 3–6 år og eignar seg godt til høgtlesing.  

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

dikt
Bok Dovendyr_forlag: Samlaget
6–9
0–3
Kåre og Marimba finn ein oppfinnar
3–6