Anna skal få ein bror.
Han ligg i mammas mage.
Han må berre kome seg ut.
Anna gler seg ikkje. Ho har alt ein bror.
Så ho veit koss det blir.
Det blir skrik og bæsjelukt.
Gler du deg til å bli storesøster eller storebror? Det spørsmålet har mange barn fått. I denne boka møter vi Anna, som har mange ulike kjensler rundt det å bli storesøster igjen. Ho skulle ønske det var ein katt, ein hund eller ein gris med krøll på halen i mammamagen. Anna lurer på om det berre er mage-broren foreldra bryr seg om. Folk kjem på besøk for å sjå den nye broren. Anna forstår ikkje kvifor gjestane skal ha med gåver til ein som berre skrik og bæsjar. Ho er sint på mamma og pappa. Anna kjenner seg åleine: Har alle gløymt henne?
Gratulerer, Anna! er ei biletbok som får svært godt fram dei ulike kjenslene som storesøsken kan ha, gjennom tekst og illustrasjonar. Gjennom boka kjenner hovudpersonen Anna på både sjalusi, sinne og usikkerheit. Mot slutten av boka opplever Anna dei gode kjenslene. Boka passar spesielt godt til barn som er storesøsken og framleis små



