Opplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Kanskje, kanskje? Tverrfagleg undervisningsopplegg for barnetrinnet 1.–4. i norsk, naturfag og samfunnsfag.
Kritikarroste Erna Osland har skrive ei bok der skjønnlitteratur og sakprosa går hand i hand. Ho fortel om tannfelling og trøyst og den fine og magiske fellesskapen som kan vere mellom barn og vaksne i tannfellingsprosessen. Boka er nydeleg og dyktig illustrert av Victoria Sandøy. Illustrasjonane er oppfinnsame og fargerike, og ho bygger godt opp den karakteristiske fagboka til Osland.
I boka møter vi Edith som har ei laus tann. Pappa vil knipse ho ut for å gi ho til tannmusa. Men bestevenninna Eva gav si tann til tannfea, og Miko berre kasta tanna si rett opp i lufta! Edith veit ikkje heilt kva ho skal gjere. Så misser ho tanna – kva skjer då?
Kanskje, kanskje? er ei undrande bok om det å miste tenner og kva ein har gjort med tennene opp gjennom tidene i ulike kulturar. Ho tek også føre seg det å bli større.
Dette er ei god bildebok av veteranen Osland, med eventyrlege illustrasjonar av nykomaren Sandøy. Boka kan til dømes nyttast i barnehage og hjå dei yngste i skulen innanfor tema som kulturforståing og livsmeistring. Ho passar svært godt både til lesestunda i fanget og tverrfagleg arbeid med litteratur som utgangspunkt. Boka er på 62 sider og kan lesast i bolkar eller i samanheng.