Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Fosse og Torseter: Spelejenta

SpelejentaTekst: Jon Fosse
Illustrasjon: Øyvind Torseter
Det Norske Samlaget

I nokre av Noregs vakraste biletbøker finn du illustrasjonane til Øyvind Torseter. Den eine av dei bøkene som kom hausten 2009 var Spelejenta, den nyaste barneboka til Jon Fosse.

Torseter bruker collageteknikk og enkle strekar, samstundes som detaljane er mange. Fargebruken er særs gjennomført og gjennomtenkt. I Spelejenta følgjer vi ei jente som drar ut for å redde far sin – han har forlist på ein holme i havet – og fargane er mørke og dystre fram til det lysegrøne, håpefulle oppslaget der far og dotter kjem seg velberga heimover.

Medan Torseter er blant dei beste illustratørane våre, er Jon Fosse den mest kjende og spelte nolevande dramatikaren vår. Han har skrive barnebøker før også, men det er fleire år sidan sist. Spelejenta var slik sett ei etterlengta utgiving.

Det er eit kunsteventyr Jon Fosse har skrive denne gongen. Den vesle hovudpersonen er synsk og felespelet hennar er magisk. Jenta ser at faren sit aleine og fortapt uti havet, og ho legg i veg for å redde han. På vegen treffer ho på hindringar – eit fjell, ei myr og sjølve havet, men ho bruker fela for å kome seg vidare, og med referansar til folkeeventyr og bibelforteljingar går det sjølvsagt bra til slutt.

Fosse skriv i velkjend, gjentakande stil, og gjentaka hans kler eventyrforma:

«Nei å nei, sa den vesle spelejenta.
Eg kjem meg visst ikkje vidare, sa ho,
og augo hennar vart våte.
Eit fjell er imellom meg og far min, sa ho,
og så sette den vesle jenta seg ned på
ein stein og for å trøysta seg tok ho fram fela
og ho spela den tristaste og vakraste slått
nokon vel kan ha høyrt og så såg ho opp og
då såg ho at fjellet hadde opna seg, som ei
kløft hadde laga seg i fjellet og spelejenta la
fela og bogen i feleskrinet og så gjekk ho inn
i fjellet og igjennom kløfta.»

Spelejenta er eit vellukka møte mellom to store norske kunstnarar. Det er berre å plukke boka ut av ei bokhylle nær deg, og nyte.

Kategoriar

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6