Denne biletboka er skriven av Hans Sande og illustrert av Skinkeape (Marianne Gretteberg Engedal). Boka handlar om katten Arkimedes, jenta Evreka og pappaen hennar, som er oppfinnar.
Denne gongen finn pappaen opp ein appelsinskrellar som kan hjelpe Evreka. Problemet er berre at han har gløymt å finne opp av-knappen, og skrellaren vil skrelle alt! Kan Evreka og Arkimedes stoppe Skrelle før han øydelegg alt rundt dei?
Boka passar fint for dei eldste barna i barnehagen og for dei yngste i skulen. Etter at de har lese boka, kan det vere fint å diskutere i gruppa om alle oppfinningar er gode å ha. La barna få tid til å sjå på dei fantasifulle illustrasjonane i boka. Kanskje kan barna teikne si eiga oppfinning?
Arkimedes og appelsinskrellaren er den sjette boka i Arkimedes-serien. Dei andre bøkene er: Arkimedes og vindmølla, Arkimedes og brødskiva, Arkimedes og snøballen, Arkimedes og rulletrappa og Arkimedes og Prompeland.