Ida Eva Neverdahl: Lucy klarer alt! Sirkuset

Lucy klarer alt, Sirkuset av Ida Eva NeverdahlLucy er ei kreativ jente som klarer alt. I denne boka har ho lyst til å bli sirkusdirektør, men korleis skal ho klare det når ho ikkje har sirkusartistar? Lucy får ein strålande ide: Kva om sirkusartistane hennar er kjempesmå? Ho finn biller, edderkoppar og andre småkryp. Lucy gjer alt klart til sirkusframsyninga. Familien til Lucy gler seg til å sjå, men kva skal Lucy gjere når alle sirkusartistane har rømt?

Lucy klarer alt er første bok i ein ny biletbokserie for dei yngste lesarane. Ho inneheld fargerike og detaljrike illustrasjonar som ein kan snakke om i fellesskap. Det visuelle uttrykket i boka hentar inspirasjon frå både teikneserie- og biletboktradisjonane. Boka inneheld ein viktig bodskap: Du kan klare alt du vil!

Fleire boktips

3–6
3–6
3–6
Alle saman tel av Kristin Roskifte
3–6