Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Idun Alma Ramsdal og Nora Brech: Tenk å vere eit MENNESKE

Tenk å vere eit MENNESKE er ei diktsamling med 45 vakre og undrande dikt som følgjer eit barns tankar og refleksjonar frå leggetid til neste kveld. Kvar kjem søvnen frå, og kva er eigentleg ein tanke? Kilar det når vinden blæs i blada til eit tre, er kvelden ein ven av mamma og pappa? 

Illustrasjonane er fargerike og fulle av rørsle som stadig inviterer lesaren til å bla om til neste side. Kvar dobbeltside rommar eit nytt dikt, og likt illustrasjonane dreg teksten lesaren vidare. Idun Alma Ramsdal si diktsamling er retta mot barn, men vaksne vil nok også ha glede av å lese ho. Her er det gullkorn frå barnemunn og nostalgi så det held, og mang ein forelder eller besteforelder vil nok nikke attkjennande, ikkje berre ein gong.  

Tenk å vere eit MENNESKE eignar seg godt til både barnehage og dei nedste trinna i småskulen, både som utgangspunkt for samtale knytt til fagområdet etikk, religion og filosofi og KRLE. Boka vil også vera ein god igangsetjar for arbeid innanfor forming og korte tekstar, da Nora Brech sine illustrasjonar gjer boka til eit visuelt fyrverkeri.  

Sjå utdrag frå boka: https://issuu.com/vigmostadbjorke/docs/tenk_vere_eit_menneske_9788241957048_

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
3–6
6–9
Frost
3–6