Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Inger Lise Belsvik: Oske

Inger Lise Belsvik: OskeBiletboka Oske handlar om ein liten gut som saknar faren sin.

Pappaen min er borte.
Hjarta hans har stoppa.
Kroppen hans er heilt stille.

Det er berre minna om han som lever vidare no.
Alt vi hugsar, vi som var glade i han.
Det seier mamma mi.

Minna om faren er sterkt til stades heime i huset. Det er framleis eit søkk i hovudputa til pappa i dobbeltsenga. I koppen til pappa er det ein kaffiskvett igjen. Det luktar framleis pappa av den gamle kapsen hans.

Då faren levde, snikra dei ei trehytte saman. Guten og mora samlar saman nokre av tinga til pappa og tek dei med til hytta. Der oppe i trehytta får guten sagt farvel til faren på sin heilt eigen måte, og det kjennest godt.

Oske er ei bok som inviterer til samtale om kva døden er, og om korleis ein kan leve vidare når nokon ein er glad i, er borte. Boka inneheld vakre illustrasjonar i fine fargar. Legg merke til den symbolske fuglen som er til stades på fleire av oppslaga.

Kategoriar

Fleire boktips

Eirin Holberg og Åshild Irgens: Steinalderen
9–12
Martine Grande: Ringen
6–9
Kristoffer Gaarder Dannevig og Trude Tjensvold: Alle kosedyra har namn unntatt esel
3–6
Frost
3–6