Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Bokomtale

Ingrid Z. Aanestad & Sunniva Sunde Krogseth: Berre mor og Ellinor

Ellinor og mor bur saman, berre dei to, i eit hus nære sjøen. Dei lagar sushi, teiknar og drikk kakao med chilli. Av og til vert mor så sliten at ho må legge seg ned på sofaen under ei dyne for å kvile seg. Andre gongar er ho trist.  

Er du lei deg i dag, spør Ellinor.  

Mor nikkar. Så trykker ho mjukt på nasen til Ellinor med peikefingeren. 

Men det er ikkje din jobb at eg skal bli glad. 

Ein dag fortel Ellinor til venninna Stine at mor alltid er lei seg om kvelden, og med ein gong ho har sagt det, angrar ho. Hadde ho lov til å seie det? Nå kan ho ikkje ta det attende … 

Berre mor og Ellinor er ei melankolsk og håpefull bok om samhald og samvit. Lesaren får ikkje veta kvifor det berre er mor og Ellinor som bur i lag, og spørsmålet vert hengande gjennom heile boka. Illustrasjonane til Sunniva Sunde Krogseth er enkle, men detaljrike, på same tid som dei er både duse og fargerike. Tidvis er illustrasjonane brotne opp på teikneserievis, og dette gjev enda meir informasjon til barna som ikkje les sjølve enda. Boka vil skape rom for samtalar om det å fortelja ein løyndom, å ha foreldre som er i sorg eller slit med depresjon, og om samhald. 

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

Markus Lantto og Camilla Kuhn: Kåre og Marimba hjelper til
3–6
Idun Alma Ramsdal og Nora Brech: Tenk å vere eit menneske
3–6
Anna R. Folkestad: Bålbaluba
3–6
Anna R. Folkestad: Pyntepanikk
3–6