Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Kari Stai: Er det sant at

Rakel er ei sprudlande jente som elskar teikning, fargar og paljettar. Denne dagen har dei vikar i forming, og han vil at dei skal teikne farsdagskort. Alle i klassen byrjar på oppgåva med stor iver og glede, alle bortsett frå to. Rakel kryp under pulten sin og gøymer seg. Alt er vanskeleg, og vikaren er dum. Så ser ho at den nye guten i klassa også sit under pulten sin. 

 Kva er det? Spør Rakel. 

Eg … har ingen pappa å lage farsdagskort til, svarer Mikal. 

Kor kan han vere? lurar Rakel. Pappaer blir ikkje berre borte.  

Er det sant at er ei barnebok som tek for seg to krevjande livssituasjonar. For korleis er det å lage farsdagskort på skulen når far sit i fengsel eller er død? Stai sine illustrasjonar er rike og skildrande og gjev lesaren små frampeik på kva som skal koma. For kvar gjennomlesing oppdagar ein nye nyansar i illustrasjonar og teikningar, og boka er fargerik og innbydande. Ei bok med dette temaet eignar seg godt til høgtlesing for førskulebarn og elevar på småtrinnet, gjerne i kombinasjon med ein episode frå Bli med heim på NRK Super, som også dekker same problematikk i nokre av episodene. 

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
3–6
6–9
Frost
3–6