Opplegg til boka:
Bok i bruk: Jakob og Neikob – med opplegg, fargeleggingsark og animasjonsfilm.
Dette er den sjette boka om Jakob og Neikob. Jakob og Neikob er framleis bestevenner som bur i lag på ein bakketopp. I Stormen møter vi også Spinnvill, ein energisk figur som driv ein fabrikk som kan lage alt mogleg. Spinnvill har fire hender, går på hjul og har det breiaste gliset du kan tenkje deg. Ho vil gjerne trykkje på alle knappane i fabrikken og lage alt mogleg på ein blunk!
Til slutt er det heilt fullt av ting og tang i og utanfor huset til Jakob og Neikob. Dei ser rundt seg og oppdagar at alt har forandra seg. Det er søppel overalt, og brått blæs det opp til uver. Sjølvaste Stormen kjem og tek tak i dei to vennene og alt som ligg rundt omkring. Noko må gjerast. Heldigvis kjem Jakob og Neikob på noko som Spinnvill kan lage i fabrikken sin, som kan hjelpe dei og kloden.
Kari Stai held på den grafiske stilen frå dei andre bøkene om Jakob og Neikob. I tillegg inneheld Stormen fleire element og meir detaljar enn dei andre bøkene. Boka har eit rikt språk og toler mange gongars lesing og samtale. Klimatematikken er i vinden, og i denne boka tematiserer Stai forbruk og resirkulering på ekte Jakob og Neikob-vis.