0 Ingen
1 Eitt menneske. Han ligg og tel hjarteslaga sine.
Han lurer på kor mange menneske som ser på dei same stjernene nett no.
2 To menneske på tur i skogen.
Ein av dei seier noko som den andre vil hugsa resten av livet.
3 Tre personar på ein sigerspall.
To av dei tykkjer det er kjempefint å koma blant dei tre beste.
Slik byrjar boka Alle saman tel av Kristin Roskifte. Det er menneska som er i sentrum, illustrasjonane av menneska er i fargar, medan omgjevnadane og tinga er laga med ein blå strek.
Først tek historia føre seg menneske i mengder frå 1 og opptil 30, deretter 45, 50, 60, 65, 75, 85, 90, 100, 135, 200, 400, 1000 og til slutt 8, 2 milliardar menneske.
Denne myldreboka er i stort format slik at det vert lettare for lesarane å sjå alle detaljane. Ein kan telje menneske, følgje dei, føle med dei og sjå korleis historiene deira vert fletta saman. For den som er nysgjerrig og har eit skarpt blikk, finst det mange små og store hemmelegheiter. Bakarst i boka finn du ulike spørsmål med illustrasjonar, i tillegg til hemmelegheiter og svar.
Boktittelen understrekar at alle menneske er likte mykje verde.
8,2 milliardar menneske på same planet.
Kvar einaste av dei har si eiga, unike historie.
Alle saman tel. Ein av dei er deg.



