Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Kristoffer Gaarder Dannevig og Trude Tjensvold: Alle kosedyra har namn unntatt esel

Elefanten heier Elfi, og kaninen heiter Ninin. Alle kosedyra til Anna har eit namn, og det finst ei forklaring på korleis dei fekk akkurat det namnet. Berre stakkars esel har ikkje namn, han vert berre kalla esel. Og slik vil ikkje Anna ha det. Ho må finne eit namn til eselet. Men kva skal det vere? 

Ei bok for dei minste om eit tema som dei kan kjenne seg igjen i, og med eit repeterande mønster. Tonen er lett og ledig gjennom boka, med eitt og anna innslag av humor undervegs. Boka er pent illustrert av Trude Tjensvold. 

Kategoriar

Fleire boktips

Frost
3–6
3–6
3–6
0–3