Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Kurt Rutledal: Alfred Bamse bæsjar

Kurt Rutledal har skrive fire bøker om Alfred Bamse og om det dei to finn ut i lag. Denne boka handlar om det som skjer i fordøyelsen, det som hamnar i do, og ferda vidare til septiktanken, septikbilen, reinseanlegget og vidare.

Alfred Bamse er skikkeleg nysgjerring på kvar det blir av det som vi spyler ned i do, og går forskingsmessig til verks for å finne det ut. Saman med Kurt reiser han rundt til eit anlegg som gjer kloakken om til hygienisert organisk kompost. Dei fer også til eit stort reinseanlegg i Bergen som lagar gjødsel til kornåkrar og til å plante plen og busker i. I tillegg får vi lære om biogass som driv bussar og ymse ting i industrien.

Vatnet i septiken går ut att i sjøen, og Alfred Bamse blir med på å ta vassprøver av sjøvatnet for å sjå at det er reint og trygt å bade der. Han får også lære om reinsing av drikkevatn og heimekompost. Alfred Bamse møter mange ulike fagfolk som fortel og viser kva som skjer på arbeidsplassen deira. Gjennom detaljerte forklaringar og mange fotografi får også lesarane innsyn i prosessar som ein elles ikkje møter i det daglege.

Boka er ei god og informativ faktabok for born i barnehagen og dei yngste på barneskulen.

Fleire boktips

6–9
3–6
6–9
Frost
3–6