Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Leonard Weisgard: Pelikan her, pelikan der

Til nynorsk av Øystein Vidnes

Pelikan her, pelikan der er ein amerikansk barnebokklassikar frå 1948 som no har kome i nynorsk omsetting. Boka handlar om to pelikanar som bur på ei øy ute i havgapet utanfor Florida. Ein dag bles det opp til storm, og den eine pelikanen vert blåsen heilt opp til Canada! 

Pelikanen flaug vidare nedover
kysten. Her var det hummarteiner
og fiskelandsbyar. Her var det gamle
sjøkapteinar og kattar med buskete 
halar som låg og sov på stolar. 
Pelikanen såg ikkje ein tropp med speidarar 
som dreiv og sløkte bålet sitt. Han såg ikkje 
vêrhanane som peikte sørover. 

Boka handlar om pelikanen si ferd heimover over New England, New York og Washington, og tek opp ord og bilete knytte til amerikansk kultur, historie og geografi.  Vekslinga mellom dobbeltsider med illustrasjonar og dobbeltsider med tekst gjer at boka eignar seg godt for høgtlesing med lesestopp for å studere bileta. Illustrasjonane er store og detaljrike, og dei er originale frå 1948.  

Før ein les Pelikan her, pelikan der, vil det vera ein fordel å førebu barnegruppa på innhaldet i boka. Ein kan til dømes snakke om USA i gamle dagar, sjå på kart og snakke om sentrale ord som pelikan, totempåle og Fridomsgudinna. Sjølv om dette er ei biletbok, er innhaldet best eigna for skuleelevar i samband med samfunnsfag og geografi. 

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
3–6
6–9
Frost
3–6