Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Lisbeth Dreyer og Per Ragnar Møkleby: Gjermund Gjerdesmett og andre føykne fuglar

Hugsar du biletboka Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar? No samarbeider Lisbeth Dreyer og Per Ragnar Møkleby på ny om ei barnebok som formidlar den norske og nære faunaen med dikt, leik og undring. Denne gongen er det fuglefaunaen som får personlegdom. Vi møter Gjermund Gjerdesmett og andre føykne fuglar i deira heilt vanlege fugleliv. Dikta fram med morosame situasjonar på rim.

Dikt og illustrasjonar kvitrar saman på ein måte som gjer at barn lærer om og kjenner att fuglane når ein sprett rundt i nærmiljøet, og dansar i barnehage og på skuleveg.

Sånn som Ludvig har streva på
bygd seg hus av slam og strå
så hans verpande ektemake
får lagt egg under låvetaket

Snart kjem det ungar som vil ha mat
og han fyk som ein akrobat
fire skrikhalsar pip og klagar
Vi vil ha fluger i våre magar! 

Ut og heim flyr han, ut og heim
snappar stikkmygg og stankelbein
eller var det ein knott kan hende
Åh, no må dette gnålet ende!

Boka har eit nærvær som engasjerer og inspirerer. Ho gjer lesaren merksam og utfordrar det vi allereie kan og veit, eller kanskje tek for gitt, om fuglane som omgjev oss.

Dette er ei nydeleg biletbok til glede for små og store i barnehage og på 1.–4. trinnet. Ho passar til temaarbeid om berekraft, natur og miljø.

Fleire boktips

Hilde Myklebust og Bård Sletvold Torkildsen: Grisungen med den rette halen
3–6
Ana Pêgo: Plasticus maritimus
9–12
Mona Vetrhus og Sebastian Meschenmoser: Nattklubben
3–6
Ane Barmen: Tone!
3–6