Nokre bøker er noko heilt for seg sjølve, og dette er ei slik ei. I teikneserieform fortel Engedal ei fantasifull historie om Jotten, Jotto og Larsen, som bur i lag i ei bygd der det sjeldan skjer noko særleg. Alle i bygda lever av å sanke sopp, men ein dag er all soppen vekk! Det er heilt krise, og det blir kaos når bygdefolket skuldar dei tre vennene for å stå bak. Det er ikkje berre dei forsvunne soppane som er eit mysterium. Ei voldsom skjelving og risting i bygda gjer også at det er skummelt å vere inne i husa. Då Jotten blir så svolten at han trugar med å ete Larsen, får Larsen nok og flyktar til den snille fastlegen. Men ho oppfører seg litt merkeleg. Kan soppforsvinninga, jordskjelvinga og den ustanselege prompelukta henge saman, skal tru? Og veit fastlegen noko om det heile?
Boka er humoristisk og spennande å lese i lag og inneheld ordspel og detaljrike illustrasjonar som ein kan snakke saman om.
Utdrag frå boka:



