Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Marianne Gretteberg Engedal: Verdas rikaste tjuv

Dette er den tredje boka om Kjell, som er fødd inn i ein tjuvefamilie. Den første boka heiter Pølsetjuven, og den andre boka heiter Polititjuven. I den første boka finn Kjell ut at han ikkje vil vere tjuv lenger. I den tredje boka meiner mora til Kjell at han må byrje i korps.

Kjell vil eigentleg ikkje byrje i korpset, han vil heller vere med venane sine og leike. I korpset møter han Bob, som er verdas beste blokkfløytespelar. Kjell vil så gjerne at Bob skal like han, men korleis skal han få det til når Bob ikkje eingong ser på han?

Illustrasjonane i denne bokserien er svært gode. Dei er fargerike og inneheld mange detaljar. Ansiktsuttrykka til figurane viser tydeleg ulike kjensler. Teksten er lett å lese, og bøkene er fine som utgangspunkt for samtalar. Alle dei tre bøkene passar godt for dei eldste i barnehagen og dei yngste på skulen.

Arbeid med boka:
Ein kan til dømes samtale om:

  • Kvifor heiter boka Verdas rikaste tjuv, trur du?
  • Kvifor syntest Kjell at familien ikkje skulle bruke pengane frå flaxloddet?
  • Kvifor vil ikkje Bob vere ven med Kjell mot slutten av historia?
  • Kan ein kjøpe seg venar?
  • Kven er rikast? Den som har venar, eller den som har pengar?
  • Kva er ein ekte ven?


Utdrag frå boka:

Fleire boktips

Berenika Kołomycka: På fire bein. Trøbbel
6–9
Vegard Markhus: Alien i klassen2
6–9
Marthe Holien Bøe: Ni løgner og jakta på eit smil
6–9
Hilde Myklebust og Bård Sletvold Torkildsen: Grisungen med den rette halen
3–6