Markus Lantto og Camilla Kuhn er tilbake med nok ei sprelsk bildebok om tospannet Kåre og Marimba. Denne gongen ønskjer Kåre og Marimba å lage ei oppfinning som rommar interessene til begge to. Tenk å vere så heldige at naboen har hagen full av skrap og skrot. Dette er ikkje kva som helst slags nabo, dette er Mastrojanni, det sjølvutnemnde medaljevinnande geniet. Han blir med på å hjelpe Kåre og Marimba med å bygge oppfinninga. Men kven er eigentleg Mastrojanni? Og klarer dei å bygge ei vellykka oppfinning?



