Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Bokomtale

Markus Lantto og Camille Kuhn: Kåre og Marimba hjelper til

Kåre og Marimba kjedar seg og bestemmer seg for at dei skal hjelpe den fyrste personen dei møter på. Bak ein hekk ser dei Torsten, som strevar med å klippe av ein sykkellås, og dei spør om han vil ha hjelp. Torsten vil helst ikkje ha noka hjelp, men det vil ikkje Kåre og Marimba ha noko av. Men kva er det eigentleg Kåre og Marimba vert med på, og kan det vera at Torsten ikkje seier heile sanninga …? 

 – Neimen Torsten, du kan vel ikkje berre ta sykkellykt og ringeklokke  frå andre syklar? seier Kåre forferda.  

–  Kan eg ikkje? seier Torsten. 

– Nei, sjølvsagt kan du ikkje det! Det er jo steling, og det er strengt forbode, seier Kåre. 

Kåre og Marimba hjelper til er ei artig og underhaldande barnebok om to barn som uvitande vert med ein tjuv på ferda hans gjennom byen. Illustrasjonane er detaljrike, rampete og fulle av humor, og fortel heile tida meir enn det skrivne ordet. Boka innbyr til mange gjennomlesingar, og vil nok verte populær i både barnehagar og skular. Her er det rom for mange samtalar om rett og gale og det å vera hjelpsam. 

Kategoriar

Fleire boktips

Ingrid Z. Aanestad og Sunniva Sunde Krogseth: Berre mor og Ellinor
3–6
Idun Alma Ramsdal og Nora Brech: Tenk å vere eit menneske
3–6
Anna R. Folkestad: Bålbaluba
3–6
Anna R. Folkestad: Pyntepanikk
3–6