Opplegg til heftet:
Berte og Iver og månen er ein del av aktivitetssidene Berte og Iver. På sida til Nynorsksenteret finn du hjelp til korleis du kan ta i bruk sidene med borna: Aktivitetar med Berte og Iver-sidene
Berte og Iver synest det er kjekt å reise på oppdagingsferd saman. Iver likar godt å leike med Berte, for ho finn på så mykje morosamt, og så er ho så modig. Berte synest Iver er veldig klok. Iver kan så mykje rart, og dei finn på mange spanande ting.
Berte og Iver har ein løyndom: Dei kan reise kvar dei vil. Saman dreg dei til månen for å finne ut om Månemannen finst.
Les heftet på sida til Nynorsksenteret: Berte og Iver og månen



