Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Martine Grande: Stor

Martine Grande er forfattaren, illustratøren og animatøren som no er kjent for ei rekke lettlesbøker og bildebøker for barn. I Stor møter vi ei livsglad, initiativrik og mangfaldig storesyster på heile tre år. Ho bur saman med veslesyster på eitt år, pappa, mamma og babyen i magen.

Åh, berre ho blir stor nok, så skal ho … ! Ho drøymer slik om å vere vaksen og stor nok! Då kan ein gjere kva ein vil! Køyre bil til leikebutikken heilt sjølv, medan musikken og stemma rular. Drikke jus og brus og ete massevis av sjokolade, når ein vil! Kvar dag kan få vere laurdag. Ein bestemmer sjølv kva ein skal ha til middag, medan ein slurpar i seg kaffi. På rommet har ein ei heil mengde med dyr, i alle fall dei ein liker. Ein kan få ta ansvar for plantar, og gi omsorg til dei små. Dei store gutane bak skulen er ein blitt større enn, og kan knipse bort lett som berre det! Tjuvar? Ikkje noko problem. Og tenk berre på alle jobbar ein kan ha! Låse døra sjølv, lappe kleda sjølv, og–og–og …!

Men tenk om bilen ikkje startar, alle dyra stikk av? Tenk om dei store gutane bak skulen framleis er større enn ein? Kva då? Då kan du vite at døra til dei heime alltid er open for deg.

Stor er ei rik, myldrande og fargerik bildebok om kva det vil seie å vere stor, liten og akkurat passe seg sjølv. Her kan vi leike med tankar og draumar. Illustrasjonane har ei heil rekke med detaljar som ein kan dikte seg vidare inn i.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6