Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Bokomtale

Max Velthuijs: Den forelska frosken

Den_forelska_froskenDet er ikkje alltid så lett å vere forelska… Men det er lett å forelske seg i frosken! Ny utgåve av denne søte vesle boka, i spesielt kjærast-format. Her møter vi frosken som går rundt, og kjenner seg så rar, og ikkje veit om han er glad eller lei seg.
Han har gått omkring som i ørska heile veka, og fattar ikkje heilt kva det er som skjer. Kan det ha noko med den kvite anda å gjere? Og er det mogleg for ein grøn frosk og ei kvit and å vere kjærastar?

Fleire boktips

Ingrid Z. Aanestad og Sunniva Sunde Krogseth: Berre mor og Ellinor
3–6
Markus Lantto og Camilla Kuhn: Kåre og Marimba hjelper til
3–6
Idun Alma Ramsdal og Nora Brech: Tenk å vere eit menneske
3–6
Anna R. Folkestad: Bålbaluba
3–6