Opplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Frosken om vinteren
Frosken er redd: Dialogisk lesing og litterær samtale
Bok på 1-2-3: Frosken og den framande
Omsett av Hanna Midtbø og Halldis Moren Vesaas
Det er tretti år sidan dei første forteljingane om frosken, og kva er vel betre enn å samle seks av bøkene i ei jubileumsutgåve? I Den store boka om frosken og vennene finn du desse forteljingane:
- Den forelska frosken
- Frosken og fuglesongen
- Frosken om vinteren
- Frosken og den framande
- Frosken er redd
- Frosken er ein helt
Historiene om frosken, anda, haren og grisen er tidlause klassikarar som tek opp små og store utfordringar ved det å vere til, enten ein er dyr eller menneske. Frosken får ofte hjelp av vennene sine, men han vert også av og til utfordra av dei. Saman finn dei ut korleis dei kan løyse det som er vanskeleg.
Illustrasjonane er enkle og klare i fargane, og likevel innhaldsrike nok til å utdjupe den skrivne teksten. Saman formidlar teksten og illustrasjonane ein god dose livsvisdom og varme som både små og store treng i kvardagen.