Omsett av Ragnar Hovland, Det Norske Samlaget
Max Velthuijs var Nederlands mest kjende barnebokforfattar og illustratør. Han skapte over tjue biletbøker om den storøygde og livsglade Frosken, og av dei er femten omsette til nynorsk. Kikker, som han heiter originalt, var først ein bifigur i ein annan bokserie, men med Den forelska frosken blei han hovudperson, og har vore det sidan. Alle bøkene fortel om eksistensielle spørsmål, om kjærleik, død, vennskap, verdiar og kjensler. Dei er enkle i både tekst og bilete, men opnar opp for viktige samtalar og tankar.
I Frosken og den vide verda handlar det om det store forlokkande eventyret på den eine sida og den trygge, gode heimen på den andre – ein gjengangar i barnelitteraturen, som Velthuijs framstiller poengtert og humoristisk: Når Frosken har masa seg til å vere med på tur, lengtar han heim, og når han endeleg er heime igjen, fortel han om alt det fantastiske dei har opplevd ute i den vide verda.
Max Velthuijs døydde i 2005, men bøkene hans lever vidare.