Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Odd Nordstoga (red.): Song for deg og meg

Song for deg og megNy og utvida utgåve, 2014

Tida går fort. Eg tykkjer ikkje det er lenge sidan eg sat med den fine, ferske boka Song for deg og meg i hendene. Redaktøren Odd Nordstoga hadde endåtil komponert ein song spesielt for samlinga av barnesongar. Songen heitte «Kveldssong for meg og deg», og handla om ein hylande gris og fire og tjue kråker på ein madrass. Men det er lenge sidan, i alle fall sett med barneauge: Tolv år! Nye born og nye songar er komne til, og no er også songboka komen i ny og utvida utgåve.

Klassikarar, folketonar og nye songar. Boka har alt! Mange har etterlyst notar og besifring til melodiane Odd Nordstoga har komponert til den populære barne-TV serien Vaffelhjarte basert på Maria Parr si suksessbok med same tittel. To av dei, «Bestevenn» og «Ein farfar i livet», er med i denne nye utgåva.

«Alle songane er lagde i ei tonehøgd som bør passe dei fleste, og harmoniseringa er ikkje avskrekkande», hevdar redaktøren innleiingsvis.

Boka er meint som ei bruksbok. Syng og ver glad!

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

3–6
6–9
Frost
3–6
3–6