Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Øyvind Vågnes og Akin Duzakin: Den vesle blå haien

Den vesle blaa haien«I det store havet er alt blått. Ingen kan sjå den vesle blå haien. Nesten ingen.»

Den vesle blå haien handlar om dei som kan kjenne seg annleis og utanfor. Den vesle blå haien likar ikkje det som andre haiar likar og kjenner seg usynleg i alt det blå som omgir han i havet. Det er nett som om han er blå både utanpå og inni. Den vesle blå haien likar ikkje fisk, men sjøanemonar. Dei er mjuke og dei kiler i munnen. Dei fyller magen med fargar. Dei tek bort alt som er blått.

I boka får lesaren òg møte den vesle grå haien. Han er som dei andre haiane. For han er heile livet eit måltid. Han gapar høgt. Altfor høgt. Ikkje ser han alt det han svelgjer. Ikkje ser han dei dansande algane. Ikkje ser han dei skinande fiskane. Ikkje rart han blir kalla Glefsekjeften.

Den vesle blå haien veit godt om den vesle grå haien. Dei sym ofte forbi kvarandre. Men den vesle grå haien veit ikkje om anna enn sin eigen svolt. Glefsekjeften hadde nok gapt over den vesle blå haien også om han berre var liten nok.

Men ein dag treng den vesle grå haien hjelp, og den vesle blå haien veit råd.

Forfattar Øyvind Vågnes og illustratør Akin Duzakin presenterer ei fin forteljing om venskap, det å vere seg sjølv og å ha medkjensle for andre. Boka har vakre bilete der duse blåfargar og varme fargetonar illustrerer livet under havflata på ein harmonisk og fengjande måte.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
3–6
6–9
Frost
3–6