Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ruth Lillegraven og Inger Landsem: Mari og Magnus får katt

Mari og magnus får katt
I Mari og Magnus får katt er det ikkje lenger ei kriminalforteljing, men ei forsvinningssak, som er sentrum i forteljinga. For når den store dagen kjem, og kattungen endeleg er komen i hus, rømer han vettskremt under sofaen. Så, når Mari og Magnus gløymer å smekke ytterdøra etter seg, flyktar den vesle katten vidare opp i eit tre. Dette er spanande, for korleis i alle dagar skal dei få han ned att?

Løysinga kjem utanfrå, som ein reddande engel, i form av storebror Stian:

Nede på bakken gir Stian Tippi til Magnus.
Heile katten skjelv. Hjartet bankar fort.
– Stakkars Tippi, seier Mari. – Ho blei nok veldig redd …

Når så katten er redda, kjem pappa inkjeanande opp frå kjellaren. Han har ikkje fått med seg noko av det som har skjedd, og på den måten lukkast Lillegraven og Landsem å ta bornas perspektiv. For når alle, inkludert kattungen, er samla i stova att – er alt som før. Eller er det det? Gode historier utviklar seg ofte i ei uventa retning, og vrien på slutten av Mari og Magnus får katt gir inntrykk av at ordtøket «ein skal tidleg krøkast» òg er eit pedagogisk tankesett som høver på små kattar.

Kategoriar

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6