Med Alle dyr er bæ har forfattar Ruth Lillegraven og illustratør Victoria Sandøy skapt ei nydeleg biletbok for dei yngste. Boka tek føre seg språklæring gjennom fellesskap, erfaring og sansing.
Vi er i eit fargerikt, varmt og levande gardsmiljø gjennom eitt år. Her er naturen og kulturen tett på. Gjennom storebror sin synsvinkel følger vi vesle Søss, men også mamma, pappa, ein pusekatt, ein gjetarhund, og ikkje minst ein stor flokk med sauer og lam bur på garden.
Vesle Søss er svært så begeistra for saueflokken! Ein vinterdag i sauefjøset seier Søss sitt første ord, nemleg «BÆ». No trur storebror at ho skal lære seg fleire ord, men alt er og blir BÆ! Han er med ho i alt, og ho han. I den lune fjøsen i lamminga om våren. Når dyra blir sleppte dansande på beite. I møte med det brune og svarte lammet som blir heilt spesielt og eige for vesle Søss. Inne, ute, i regnversdagar, leik, kos og kaos. Og ikkje minst på fotballbana. Men er det noko anna enn «BÆ» som kjem ut av munnen på den vesle kroppen? Storebror synest det heile blir flautt og kjedeleg. Tenk at det skal ta slik tid å vekse opp og bli på likefot! Korleis skal Bror få søster til å snakke?
Når sommaren kjem med sol og sand, båt og bad, kjem det neste ordet til vesle Søss. «LAMMY!». Det blir namnet på lammet hennar. Vi får bli med på å få sauene til fjells. Ikkje utan kjensler sender ein flokken av garde. Årstidene skiftar til haust og møtet med kua, hesten og frosken. Men alle er og blir «BÆ» i vesle Søss sin munn. No vil Storebror finne nokon som kan leike, lære og gjere. Han får bli med på sauesanking, og gleda er stor når store Lammy kjem heim til vesle Søss. Så får ein klippe sauen i lag, klippe den bra – ja klippe den bra. Lammy liker ikkje den korte frisyren. Før snøen kjem med akebrett og snøkrystallar, hentar slaktebilen dei dyra som skal bli til pinnekjøt og fårikål. Lammy får bli att på garden.
Med nytt år er det snart vår igjen. Kanskje får Lammy eigne lam? I alle fall seier Søss fleire og fleire ord. Sjølv om Bror veit at det kjæraste ordet enno er «BÆ».
Gjennom rytme og ordlyd blir lesaren med på ei språkleg og visuell oppdagingsferd av gardslivet gjennom årstider og skiftande lys, rytme, farge og lukt. Det er mykje å oppdage i bileta, både for det vesle og større barnet og den vaksne lesaren. Saman med teksten skaper illustrasjonane ein god flyt i boka, noko som er med på å gjere ho eigna til høgtlesing der ein kan dvele ved ord og detaljar. I boka kan ein gjenta, peike og utforske på eigne premiss. Samstundes ligg det noko meir mellom linjene og i bileta: Ei oppmuntring til å sjå verda i barnehøgd. Slik blir boka både ei praktisk og estetisk oppleving.
Alle dyr er bæ eignar seg for barnehagebarn og småskuleelevar, og lesinga kan gi gode samtaler om å vere liten og større. Boka gir smil om munnen og velvære i kroppen, og språk og bilete er i godt samspel som kan gi leseglede utover sjølve stunda.
Boka eignar seg også godt i tverrfagleg og språkleg djupnelæring, og til praktiske og estetiske læreprosessar i barnehage, småtrinnet og i lærarutdanninga.



