Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Sissel Horndal: Hokus Pokus 1-2-3

Hokus Pokus 1-2-3Sissel Horndal har skrive og illustrert denne boka, som passar til høgtlesing for dei som skal lære seg å telje til tjue, eller dei som berre treng å øve seg litt. Vi er med rundt i huset til ei heks, og skaffar oss oversyn over kor mange det finst av ulike vesen og ting. Vi startar med ei heks, og ender med tjue stjerner som heng ned frå taket. Det er mykje rart å sjå på, og mykje rart vi får høyre om, og alt er på rim.

Eitt eller to av dei humoristiske poenga går nok litt over hovudet på eit førskulebarn, men heldigvis er det mest av slikt tøys som er til felles glede for store og små. På talet sytten ser vi sytten sniglar som ålar seg fram mot ein raud, krøllete målstrek som ligg dandert halvvegs over noko som kan vere sluket i ein dusj. Q-tips er plasserte på langs for å markere banane deira, og vi les at «Sytten sveitte sniglar pesar mot ei snor. Det er innspurt på maraton. Starten gjekk i fjor.»

Sniglane er ikkje dei einaste dyra ein er mest van med å treffe ute, som har flytta inn. Det er eit vidt spekter her. I skohylla ligg det ei lita ugle og søv i kvart par med sko. Av og til gøymer ting seg og blir vanskelege å telje, og det er ganske lurt, for då må ein telje og leite samtidig.

Ein kan kose seg lenge med denne boka. Det er mykje som må kommenterast og mykje å spinne vidare på. Går det an å oppbevare gode draumar på glas, for eksempel? Midt oppi alt går heksa rundt i stillongsen og ser glad og fornøgd ut.

Fleire boktips

3–6
dikt
Frost
3–6
3–6