Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Trude Tjensvold: Bo flyttar ut

Bo flyttar utOpplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Bo flyttar ut – undervisingsopplegg i norsk og naturfag.

Heime hos Bo er det berre Bo og mora, men ein dag flyttar hunden Viktor inn. Då bestemmer Bo seg for å flytte ut.

Nede ved dammen møter han andungen.

– Kor skal du? spør andungen.
– Veit ikkje, svarar Bo. – Eg skal flytte.
– Du kan få bu hos meg, kjem det frå andungen.
– Du held vel ikkje hund? spør Bo.
– Nei, eg bur åleine, svarar andungen.
– Bra! Seier Bo.

Men i andereiret er det vått, og anda har rå fisk til middag, så her vil ikkje Bo bu. Bo prøver mange ulike bustadar, men det er noko gale med dei alle.

I denne biletboka av Trude Tjensvold møter vi katten Bo, som hadde det som plomma i egget før hunden flytta inn og tok plassen hans i senga til matmor. Då er det berre éin ting å gjere, nemleg å sjå om det finst husrom ein annan plass. Men det skal vise seg å bli vanskeleg. Gjennom møte med farar ute i verda blir Bo klar over kor fint han eigentleg har det heime saman med hunden. Han ser at det finaste er faktisk at både Bo og hunden Viktor kan bu heime i lag med mor.

Tematikken i denne boka er det mange barn som kan kjenne igjen. Det kan vere vanskeleg å skulle tilpasse seg til dømes nye familiemedlemmer eller nye situasjonar, og i nokre tilfelle kan ein føle seg oversett.

Denne biletboka er ei bok om vennskap og betydinga av å bli sett. Teikningane er fargesterke og humoristiske. I mange av oppslaga ser vi teikningar som refererer til andre forteljingar og eventyr, noko som set denne historia inn i ein større samanheng. Dette opnar for samtalar omkring både det ein les og det ein ser. Boka eignar seg godt for barn i alderen 4–8 år.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

6–9
3–6
6–9
Frost
3–6