Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Trude Tjensvold: Vi roper i skogen. Ei faktabok om skogens språk

Frå ståk og bråk i byen tek Trude Tjensvold oss med ut til roa i skogen. Eller er det eigentleg så stille der? 

Vi roper i skogen har undertittelen «Ei faktabok om skogens språk», og forfattaren har mykje å lære oss. Me møter mange typar fuglar, dyr og insekt. Me lærer at ramnen er den fuglen som kan flest ord, at maur snakkar saman ved hjelp av antennene, og at ulvar kan late som dei er fleire enn dei er, ved å variere ulelyden. Me lærer at til og med trea kan snakke, og at dei ulike tresortane har ulike språk. Boka startar og sluttar i byen. I starten er der veldig mykje støy og bråk, men etter at den namnlause jenta som er hovudkarakteren, kjem tilbake til byen, ser det ut til at ho har fått med seg roa frå skogen.

Visuelt er boka ein fest, der naturen får framstå i dei naturlege fargane sine, medan menneska og menneska si verd er støyande og knallrosa. Barn liker å lese om dyr, og det er viktig at dei lærer om naturen rundt oss. Dette er godt lesestoff for barn i alderen 4–8 år. 

 Boka kan vere til inspirasjon for dei yngste når ein skal ha dei med seg ut i naturen. Boka er spekka med samtalepunkt som ein kan plukke opp alt etter kva ein møter på turen. Kanskje er det rett og slett ei bok ein ønskjer å ta med seg i sekken?

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

6–9
Frost
3–6
3–6
6–9