Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ahmet Altan: Eg får aldri sjå verda igjen

Eg vakna til.

Det ringde på døra.

Eg kasta eit blikk på den digitale vekkarklokka, der tala lyste og blinka 05:42.

Politiet, tenkte eg.

Som alle opposisjonelle i dette landet hadde også eg vant meg til å leggje meg i vissa om at det kunne ringe på døra i otta.

Eg visste dei ville komme.

Nå var dei her.

Etter kuppforsøket i Tyrkia sommaren 2016 gjekk president Erdogan til angrep på den frie pressa. Den frittalande journalisten og forfattaren Ahmet Altan var ein av dei mange som blei arresterte. På grunnlag av artiklar han har skrive og noko han har sagt på tv, er han dømd til fengsel på livstid, utan rett til å søkje om nåde.

Boka er skriven i fengselet, og formidla ut i verda gjennom Altan sine advokatar. I skildringa fortel Altan om den morgonen politiet kom og henta han, den absurde rettsprosessen og om livet bak murane.

Gjennom observasjonar, tankar og refleksjonar skildrar forfattaren det han går gjennom. Boka er full av detaljar som skildrar omgjevnadane. Han fortel om korleis han lagar seg tankemønster og strategiar for å unngå å miste forstanden, for å halde kontroll på tida, for å fylle dagane og for ikkje å visne og rotne i det mørke holet og dei dystre framtidsutsiktene.

Boka er poetisk, vakkert og skarpt formulert. Setningane er så fulle av innhald at dei nesten kan stå kvar for seg. Det gjer dei også i stor grad. Gjennom heile boka er det nytt avsnitt for kvar setning, med nokre unntak. Dette er med og gir rom for tanke og ettertanke medan ein les, og det gjer at den komplekse teksten blir meir tilgjengeleg for lesarane.

Kvart kapittel skildrar ei hending, eit rom, ein refleksjon, eit møte eller ein fellesskap. Boka er ikkje veldig lang, og modne lesarar vil kunne ha stor glede av å lese heile boka. Dersom ein forklarer samanhengen boka er skriven i, kan ein lese utdrag frå boka i lag med elevar både på både ungdomstrinnet og vidaregåande. Når ein arbeider med tema som ytringsfridom, menneskeverd, diktatur, politisk fangenskap, filosofi, historisk verdslitteratur eller den politiske situasjonen i Europa, er det fleire utdrag i denne boka som vil vere aktuelle supplement til undervisninga.

Eg får aldri sjå verda igjen gir oss innsyn i ein realitet som kjennest langt borte frå vår kvardag. Likevel slår tanken deg at han ikkje er så langt borte likevel. Altan er berre ein av mange slike fangar rundt i verda.

Sjølv om boka gir oss ei kjensle av både avmakt og håpløyse, greier Altan å halde liv i håpet, både hjå seg sjølv og hjå lesaren gjennom det han tenkjer og det han skriv:

«De kan setje meg i fengsel, men de kan ikkje halde meg innesperra. For som alle andre forfattarar kan også eg heksekunsten å vandre gjennom murar».

 

Utdrag frå boka:

Boka har fått strålande kritikkar, og har blitt omtala som ein ny klassikar innan fengselslitteraturen. Ahmet Altan blir samanlikna med Nelson Mandela og skildra som ein opposisjonell helt og ein talsmann for ytringsfridomen. Ein mann som sit fengsla fordi styresmaktene har dikta opp skuldingane mot han. Og dette er nok riktig.

Men biletet er kanskje ikkje heilt svart-kvitt. I Bergens Tidende skriv Morten Myksvoll ein kronikk om at avisa Altan var redaktør for, i 2010 trykte falske påstandar om eit planlagt kupp i Tyrkia. Dette førte til at fleire uskuldige vart dømde til fengsel. Fleire på livstid. I etterkant har det kome bevis som viser at det planlagde kuppet var oppdikta, mest truleg regissert av Erdogan. Avisa til Altan undersøkte ikkje om påstandane var rette, dei berre trykte påstandane som eit talerøyr. Dette gjorde at Erdogan kunne stramme grepet meir.

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker